7. Julespesial
47min - Tidlegare i haust fekk vi vere med på sauebonde Kari-Anne Nilsen sitt liv på Røst. Ho flytta frå ein veglaus gard i ein trong fjord på Sunnmøre, ut til havgapet sør i Lofoten. Der sauene er øyhopparar og båt viktigare enn fjøs.
No nærmar det seg jul for Kari-Anne, og ho har det travelt som aldri før.
På Røst eksisterer det ikkje skog, og sjølvhogga juletre må sauebonden ha.
Så Kari-Anne og nokre venner tek turen til Meløysund, først fire timar med ferje og så to timar i bil for å finne det perfekte juletreet.
Tilbake på Røst står oppgåvene i kø, for ho skal arrangere julemesse i det gamle straumlause Alida-huset. Så medan hunden Buster prøver å skape julefred mellom kattane på garden, må det bakast og vaskast, og juletreet må sjølvsagt pyntast på finaste vis med levande lys. Og klarer ho å steike julebrød utan å brenne dei i den gamle vedovnen i huset?